Kva er det som får elles oppegåande menneske til å ignorera rasjonalitet og vanleg sømd for å få frikjend ein openberr mordar?
Forfattarforeininga vedtok nyleg å tre inn i kampen for å ta opp att straffesaka mot ein av medlemene sine, Fredrik Fasting Torgersen. Når Forfattarforeininga engasjerer seg i ei straffesak, er den fyrste tanken som slår ein at her vil staten knebla ein regimekritikar. Skjer slikt verkeleg i Noreg? Sjølvsagt ikkje. Men eg greier ikkje heilt å fri meg frå tanken om at det er nett det foreininga vil at vi skal tru.
Forfattarforeininga har berre eit ørlite problem: Torgersen er ein hardbarka draps- og valdtektsmann. Han kvelte ei jente på seksten år etter å ha freista å valdta henne. Så freista han å tenna på ein tettbudd bygard for å skjula ugjerninga. Dette er mellom anna slått fast av Eidsivating lagmannsrett i 1958, Høgsteretts kjæremålsutval i 1976 og 2001 og av Gjenopptakingskommisjonen i 2006 og 2010. Ingen annen tiltala i Noreg har fått prøvd saka si så grundig. Men trass i gode advokatar, ei mengd påverknadssterke støttespelarar og store ressursar har det aldri vorte sådd eit korn av tvil om Torgersens skuld i rettsapparatet. Hans allierte har sjølvsagt påvist enkelte feil og uklåre punkt. Noko anna hadde vore pussig i ei stor straffesak med mykje provmateriale og sakshandsaming. Men det er ingen feil som rokkar ved skuldspørsmålet.
I grenseland
Torgersens sentrale våpendragar, professor i strafferett Ståle Eskeland, dundrar likevel vidare med sitt enkle mantra: Alle personar som har bidrege til den opphavlege dommen og/eller manglande attopptakinga, manipulerer og underslår prov. Dette sviket frå ei lang rekkje personar grunngjev han med at dei vil forsvara rettssystemets prestisje. Men denne prestisjen har underleg nok ikkje hindra at ei lang rekkje andre drapssaker har vorte oppheva dei seinaste åra med berre ein brøkdel av innsatsen.
Det skal nemnast at Forfattarforeiningas undertrykte medlem tidlegare er dømd for valdtektsforsøk og ei rad valds- og vinningsbrotsverk. Torgersens forfattarverksemd, som sjølvsagt aldri har vore gjenstand for noka straffesak, skal elles gåast stilt forbi her.
Poenget med denne artikkelen er ikkje å prova at Torgersen er skuldig. Det er vist utover all tvil av andre og er etter kvart eit heilt uinteressant spørsmål. Det som derimot er interessant, er kva det er som får elles oppegåande menneske til å ignorera rasjonalitet og vanleg sømd for å få frikjend ein openberr mordar? Kva får til dømes professor Eskeland til grunnlaust å sjikanera far og bror til drapsofferet som incestuøse drapsmenn? (Grunna skuldingane tok familien ut søksmål som Eskeland tapte.) Her er vi inne i eit fascinerande grenseland mellom psykologi, sosiologi og politikk.
Don Quijote i velferdsstaten
På eit individualpsykologiske plan trur eg dette langt på veg kjem av lengt etter helteglorien til den einsame riddaren i kamp for rettferd. For nokon er slike lengsler så brennande at dei fullstendig stengjer den reelle verda ute. Dette er meisterleg framstilt i Cervantes Don Quijote. Boka er kanskje meir relevant for det norske sosialdemokratiet enn for Spania på 1600-talet. Den norske staten gjer sjeldan grove overgrep, og når det vert påvist at han gjer det, vert det normalt teke ansvar. Noreg gjev slik sett dårlege vilkår for riddarbransjen. Og som Don Quijote må difor Eskeland og våpenbrørne hans radbrekka sanninga for å få det norske rettsstellet til å stå fram som den eldsprutande, mannevonde draken dei vil kjempa mot.
Eg har faktisk ein viss sympati med dei. Det kan vera kvelande å leva som eit ikkje-offer i det norske sosialdemokratiet prega av velstand, rettferd og utan ytre fiendar. Nokre orkar ikkje dette meiningslause tilværet og brukar livet til å kjempa mot vindmøller av ymse slag. Det er ofte ganske ufarleg – den norske staten toler kostnaden ved nokre villfarne riddarar på tokt. Problemet er at i straffesaker kan riddarverksemda gå ut over offera for kriminaliteten og familiane deira. Det har diverre skjedd med full tyngd her.
Samfunnet gjorde det
Saka har sjølvsagt ei politisk side. Torgersen-saka spring ut av den venstreorienterte kriminologirørsla frå 60-åra som diverre framleis rår på universiteta våre. Tesen deira er at kriminalitet eigentleg ikkje eksisterer, og om han eksisterer likevel, er det samfunnet og ikkje individet som har skulda. Straff er inhumant og tener ikkje noko mål. Torgersen har på mange vis vorte ein martyrfigur i kampen venstresida fører mot straffesystemet. Men det er litt pussig at dei har valt seg han. For det første fordi han soleklart er skuldig. For det andre fordi det han er dømd for, har lite med politikk og samfunnspåverknad å gjera. Den typen seksualdrap som Torgersen er skuldig i, skjer i alle samfunn til alle tider, og Noreg i etterkrigstida er truleg det systemet som har handsama slikt mildast.
Saker om justismord får ein særeigen mediedynamikk. Slike saker er sjølvsagt berre spektakulære dersom det viser seg at det faktisk er eit justismord. At ein dømd mordar framleis er skuldig, sel ikkje aviser. Rolla til påtalemakta er å vera nøktern og atterhalden – medan støttespelarane til den dømde vanlegvis er sterkt subjektive og taletrengde. Og media gjev desse altfor lite motstand. I 70-åra fekk Jens Bjørneboe dominera mediebiletet med rein dikting om Torgersen-saka. Og i 2004 sende NRK Brennpunkt ein dokumentar basert på teoriar som alt var grundig tilbakeviste av Høgsteretts kjæremålsutval, utan at NRK gadd å nemna det. Torgersen vert ofte intervjua utifrå den føresetnaden at han er uskuldig. Det same ser vi no tendensar til i Treholt-saka.
Det er aldri butleren
Media og skjønnlitterære forfattarar har det sams at dei lever av å fortelja folk noko nytt. I kriminallitteraturen er heile poenget at løysinga er uventa. Men i realiteten er drapsmannen aldri butleren. Det er typisk den sjalu eksmannen som tilstår til politiet dagen etter drapet. Løysinga er vanlegvis innlysande, banal og trist. Men dei fleste av oss vert eksponerte for langt meir fiksjonskriminalitet enn reell kriminalitet. Og eg trur dette etter kvart pregar realitetsforståinga, kanskje særleg innanfor forfattarstanden. Vi har teke til å forventa det uventa. Løysinga skal vera spektakulær, samtidig som ho skal ha ei raffinert djupare meining. Det er særleg tydeleg i Palme-saka. Mange i Sverige nektar – nærast på prinsipielt grunnlag – å tru at statsministeren deira vart drepen av ein einsam fyllik han tilfeldigvis møtte på gata. Det vert for enkelt og meiningslaust. Så i staden for å sjå på den mest sannsynlege løysinga, vert det stadig laga nye og meir fantasifulle teoriar om nazikonspirasjonar i politiet, utanlandske spionar og så bortetter.
Trass i all denne irrasjonelle blesten vert dommen mot Torgersen ståande, og saka har etter kvart vorte eit adelsmerke for den norske rettsstaten. Eg har tidvis vore bekymra for at påtalemakta, domstolane og Gjenopptakingskommisjonen til slutt skulle gje etter; at dei ikkje orka fleire personåtak, voluminøse søksmål og repetetiv argumentasjon frå Eskeland og ymse andre kulturpersonlegdomar. Dei dommarane, tenestemennene og sakkunnige som har handtert dette, har jo inga personleg interesse i saka, og det ville vore mest komfortabelt for dei og staten å la Torgersen masa seg til viljen sin. Han er ein heilt ufarleg person for styresmaktene, som også hadde spart ein masse pengar på å betala han erstatning i staden for å bruka svære ressursar på sakshandsaming. Rettsapparatet har likevel halde stand i over femti år. Av ein einaste grunn: Torgersen er skuldig. Det står respekt av slikt.